|
Fjella i Sykkylven er ein del av dei vidgjetne Sunnmørsalpane og
eit eldorado for dei som likar fjellturar. Måla er mange. Dei fleste
fjelltoppane i Sykkylven ligg mellom 1000 og 1600 m.o.h., og bygda
har fleire av dei vakraste overgangsturane ein kan få på Sunnmøre.
Velleseterdalen-Gullmordalen-Urke, eller Velleseterdalen-Gullmordalen-Gullmorbreen-Patchellhytta-Habostaddalen
er begge turar som garantert vil gi minnerike opplevingar. Det same
gjeld turen gjennom Riksheimdalen og over til Trandal i Hjørundfjorden.
Ein mieir farmilievennleg overgangstur er Hundeidvik- Megardsdalen-Riksheimdalen-Erstad.
Guiding
For den som ikkje er kjend med å gå i fjellet , eller
for personar eller grupper som ynskjer å oppleve noko utanom
det vanlige , så er det tilbod om organisert guiding i fjellheimen.
"Sunnmørsalpane guiding og
naturopplevelser" tilbyr turar i fjellet på ulike
nivå. Frå vandring til "lett" klivring , blåturar/trivselsturar
for firma eller ulike grupper , lett brevandring , kanoturar og
overnattingsturar i lavvu.
|
|